Helikopterselskapa Airlift AS og Helikopter Utleie AS, begge heimehøyrande i Sogn og Fjordane, har gjort
avtale om samarbeid med føremål å utvikle dei to selskapa vidare.
Avtala inneber at Airlift AS si framtidige satsing på flyging av passasjerar og turistar på Vestlandet vert lagt til Helikopter Utleie AS med hovudbase på Langeset i Stryn Kommune. Målsettinga er å utvikle Helikopter Utleie AS til det leiande helikopterselskapet for passasjer- og turisttrafikk i Norden.
Vidare inneber avtala at Airlift AS, med hovudbase på Bringeland i Gaular, kjøper 40 % av aksjane i Helikopter Utleie AS med rett til seinare å kunne overta ein større del av eigarinteressene i selskapet.
Adm.dir. Bjarne Slapgard i Airlift AS seier at det var naturleg å sjå til Stryn når den vidare strategien for passasjer- og turistmarknaden i Airlift AS skulle vurderast. Helikopter Utleie AS har på kort tid utvikla seg til å verte det største helikopterselskapet i Noreg på passasjertrafikk når ein ser bort frå transport med helikopter utaskjers. Selskapet har også bygd ein organisasjon som syner seg å ta hand om denne marknaden svært godt. Samstundes har Helikopter Utleie AS valt å satse på støysvake helikopter særs veleigna for passasjertransport. Selskapet har vidare bygd opp anlegg på Langeset i Stryn som er rett plassert i høve til framtidig passasjer- og turistsatsing.
Bjarne Slapgard seier vidare at ved å utvikle Helikopter Utleie AS retta mot marknaden for passasjer- og turisttrafikk , vil Airlift AS framover konsentrere seg om innlandsflyging, tungløft og flyging knytt til søk- og redning.
Dagleg leiar og styreleiar Lars Kveen i Helikopter Utleie AS er svært glad for å kunne få Airlift AS som medeigar i selskapet. Airlift AS er det dominerande selskapet i Nord-Europa når det gjeld såkalla "innlandsflyging" med helikopter. Airlift AS har såleis ein sterk kompetanse på operativ drift og har høg kvalitet på teneste sine, noko som Lars Kveen er overtydd om vil vere til nytte i den vidare utviklinga av Helikopter Utleie AS.
På same tid ser han at begge selskapa vil kunne dra fordelarar av kvarandre når det gjeld operativ drift, bruk av felles basar og høgare utnytting av helikopter.
Lars Kveen er særs nøgd med at Airlift AS og Helikopter Utleie AS er samde om at den vidare utviklinga av selskapet skal finne stad med base i Stryn, og at dette stadfester at Helikopter Utleie AS si satsing var rett både med omsyn til lokalisering og oppbygging som har funne stad når det gjeld anlegg og landingsplassar i denne kommunen.
Nærare informasjon vert gjeve av:
Adm. dir. Bjarne Slapgard, Airlift AS tlf. 90 02 23 15
Dagleg leiar Lars Kveen , Helikopter Utleie AS tlf. 90 76 80 65 Førde